Advent

 

Med sola lågt der over åsen
gullglimrande i dis mot horisont
med godlynt nissefar og kyr på båsen
kan me få byrje på vår adventsdont

Eg ser so sildre, avenyen
han strekkjer seg med ljosa fint på rad
som ein streng, han glitrar gjennom byen
pynta fint til fest og julekvad

Og folket strenar hastigt, mange
dei tenkjer kjøpe gåver til einkvar
kvar butikk har køar, dei er lange
alle kjøper gåver, med unnatak av far 🙂

Ja, slik var det i gamle dagar
då mor var den som julebøra bar
Far sa snart, eg gjeng ein tur og sagar
oss eit tre, eg tenkjer eg vert snar

Og hastigt kjem han, julekvelden
mor tykkjer denne eftan kjem så brått
borna strålar, slik ser du dei sjeldan
han far er vekk, då høyrer me ein lått

Kven kjem på denne tid av døgre’
Kven ventar me skal banke på vår dør
Kven sit ved Far si hand, den høgre
Kven endar advent, eg berre spør

Så kan me velje kven me ventar
når jula kjem og vintersola snur
Me veit at nissen gåver til oss hentar
men d’er født ein frelsar, det er det eg trur

… … … … … … … … … … … … … … Perry

.

Så kan du jo gå til A child was born

.

Reklamer

Velkommen til å kommentere.

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s