Om eg var ein skrivar

Dersom det var godt stoff i meg skulle jeg gjøre det jeg skriver om her.

Om eg var ein skrivar av ypparste slag
med meining om samfunn’ i kring meg
då skulle eg leike med pennen kvar einaste dag
og folk sku’ ta det eg skreiv til seg

Eg skulle skrive med blekk som var blått
for det er ein farge eg likar
Den minner om himmel og konungens slott
der døra gjeng opp for ein svikar

Eg skulle skrive om liv og om død
og om tilhøva folk imella
om korleis hjelpe ein fattig med brød
fjerne nau’a frå sjø opp til fjella

Men også ville eg lese for meg
om han som gjer børene lette
og kan hende gjekk eg den smale veg
for det stend at det er den rette

.

.

.

.

.

2011

.

.

.

.