Det var mang ei svart natt

En artikkel skrevet i 1972 av Sverre Paul Runde etter intervju med Paul A. Sævik (Perry’s farfar):

Fiskeriveteranen Paul A. Sævik om gutungar på «vaksen» fisketur, skipper på eiga skute, krig og jobbetid, fiskekjøp og organisasjonsliv.

IMG_4061

Han har god utsikt, Paul A. Sævik, der han sit i stova si i Sævikane på Rimøylandet. Nede i fjøra ligg verslitne fiskebuer med innskrifter i dei gamle borda. Småbåtane rykkjer i tampane sine og ynskjer seg en sjøtur, for borte på Holmefjorden sig ein kraftblokksnurpar innover mot Fosnavåg lasta med havsens sølv – fin og  blank Nordsjø-sild.

Men det blir ikkje fleire sjøturar for «Sjur-Pål» som fyller 83 år den 9. august. Havet har likevel hatt god tid til å setje sine merke på han heilt frå gutedagane. Det sterke andletet ber sine runer av nattevaking og ansvar. Dei blåe augo er enno kvasse som i farne dagar då han var skipper på eiga skute. Men dei store nevane kvitnar ikkje lenger rundt rattet – dei kjæler for ei modellskute som han sjølv laga for nokre år sidan.

Slik såg han ut den første dekksbåten eg stod til rors ombord i, smiler Sævik. – Far og onkel kjøpte han i 1901 i Dimne. Båten var bygd året før i Bjørkedalen, og i 1906 fekk vi ein 4 hk Alfa motor i han. Det vart store endringar frå dei opne båtane som var nytta før. Eg minnest at eg som 10-11 åring fekk vere med på sjøen, og det  var utruleg langt ut vi reiste med dei opne åttringane.

I 1903 var eg togarnsmann i torskefisket. Dreiv vi med garn, hadde eg med eit garn i kvar setning, og brukte vi line hadde eg 100 krokar i setet. Fisken eg fekk på dette, var min lut. Då våren kom, måtte eg vaske og tørke fisken sjølv, og eg var ikkje lite kry då eg fekk vere med til Ålesund for å selje fisken.

Året etter eg var konfirmert fekk eg vere med «Ragnhild» på Eggafiske. Skuta var siglar, og dei som åtte henne var her frå bygda. Det var gutar som dreiv hardt! Først måtte vi få tak i agn, og vi var tre karar som rodde til Sylte i Vanylven en sundagskveld. Måndagskvelden var vi tilbake her, og så var det å ise agnet. Vi drog iskverna med handemakt, etterpå var det å setje seg i dorryane og ro «Ragnhild» så langt ut at vi fekk eit vindheng slik at vi kunne nytte segla.

Skuta gjorde god fart, og før vi hadde stelt bruket og egnet ferdig, var vi ute på Svatongane. Det var brotfiske. Lina flaut bortover sjøen av stor lange. Veret vart fint heile veka. Men eit helseslit var det! Vi som rodde etter agnet, fekk ikkje sove før laurdag då vi var ferdige. Dette var hardt for ein 16-åring. Eg minnest at eg sovna gong på gong når eg stod og kveila line. Men då var det ein våt vott i andletet og ei oppmuntring: «Vil du drage din svarte gut!» Slik var Egga-drifta. Mat og søvn var luksus. Kokt mat såg vi mest ikkje. Det kunne vere ein fiskebit på brødskivene. Aldri i mitt liv har eg vore så trøytt som denne turen. Men lotten vart bra: 18.50 kroner. Det vart rekna for stortur!

MEIR ANSVAR

I 1906 kjøpte eg part i båten som far og onkel åtte. Min første tur som skipper gjorde eg til Fedje etter kveite. Men det vart bomtur. Eg selde båten og reiste med rutebåt heim frå Bergen. Vinteren 1908-09 var eg skipper på Rimøy-båten «Saga». Vi dreiv sildefiske og torskefiske. I april døydde far. Mor sat att på garden med dei tre systrene mine. Eg hadde lite lyst på gardsarbeid, så det vart mange tunge tak for mor. Det var havet som måtte gje pengane!

Våren 1910 vart eg tilsett som skipper på ei skute frå Bergen på 80 fot. Eg hadde enno ikkje fylt 21 år då eg møtte opp på kontoret til disponent Harald Wesenberg. Eg kjende meg ikkje høg i hatten då han skubba brillene opp i panna og sette i: «Herregud, du er jo bare et barn». Men eg meinte at det var eit lyte som eg vaks av meg. Etter at eg var eksaminert av dei tre reiarane, og hadde fått åtvaring av mønstringssjefen i Bergen om å vere varsam, bar det ut i Nordsjøen. Karane var frå Fedje og på alder med meg sjølv. Vi fiska godt, men lotten vart berre 450 kr enda vi holdt på til ut i september, for prisane var låge.

Då eg kom heim den hausten, kjøpte eg motorbåten «Tampen» av Landmandsbanken i Ålesund. Prisen var 6000 kr. Mange meinte at det var vågespel for ein gutunge å satse så mykje. Men det gjekk betre enn venta.

Før jul dreiv vi sildefiske på Mørekysten. I januar var det torskefiske utanfor Gjeslingane, og i mars drog vi til Finnmark på torskefiske. Det var første motorbåt frå Herøy som drog så langt. Eg var ukjend i leia, så vi reiste mest om dagen. Men karta var dårlege. Frå Landego ved Bodø og til russegrensa var det berre tre platekart vi hadde til hjelp. Men fram kom vi, og fisk var der nok av. Men kva hjelpte det når vi selde torsk for 2 øre kiloen?

Å ja, det vart mange skuter etter kvart og mang ei svart natt, sukkar skipperen.

KRIG OG JOBBETID

I juli 1914 henta eg og Matias K. Sævik «Maiblomsten» i Hardanger, som vi hadde kosta i lag. Men ikkje før hadde vi kome oss ut i Nordsjøen på sildefiske, så vart vi jaga i land av engelske orlogsfarty. Verdskrigen hadde teke til. Det vart rasjonering på oljen, så det var vanskeleg å drive sjøen, men prisane vart utruleg gode. Vinteren 1915-16 fiska vi for 94000 kr brutto, og vi var høgstebåt. Vi trudde at vi aldri meir skulle bli fattige.

For eiga rekning kjøpte eg motorkutteren «Hankø» våren 1916 og rusta ut for sildefiske ved Island. Det var ein risiko å ta, for engelske patruljebåtar kontrollerte norske fiskefarty ved Island. Ein skulle ikkje ha for mykje olje om bord. Di meir olje ein hadde, di meir kunne ein fiske, sjølvsagt. Heime i Noreg slost engelske og tyske kjøparar om silda. Tyskarane trong mat, men engelskmennene kjøpte og sild så ikkje tyskarane skulle få ho.

Om hausten selde eg «Hankø» og saman med utbyttet av fisket tente eg 16000 kr på handelen.

DEN FINASTE SKUTA

I november gifte eg meg med Hjørdis Myhre i Nidarosdomen. Eg hadde lært henne å kjenne om vinteren på Titran, der ho var telefondame. Og ho er den einaste «skuta» eg enno har, nikkar «Sjur-Pål» mot kjøkkendøra.

I Trondheim kom eg elles for første gong i kontakt med forretningsmannen Nekolai Dahl. Han hadde kosta skute som han rusta ut til sildefiske, men han trong skipper, og eg fekk jobben. Vi fiska for 60 000 kr brutto, og Dahl var velnøgd, kan du tru, Han betalte både båt og vegn på ei fiskje! Eg fekk til og med 1000 kr i gratiale attåt skipperlott og hyre.

REBEKKA

Du hadde flaks både i spel og kjærleik no då?
Å nei, gut. På sjøen kan alt hende.

Våren 1917 kjøpte eg «Rebekka». Det var ei Colin Archer skute, retteleg ein skarpsiglar. Ho hadde greid seg så mang ei stormnatt, slik som den 20. januar 1920 då vi dreiv eter sild vest for Titran, og det bles opp til orkan. Det kom bort åtte båtar den natta, og det hadde så nær gått gale med oss og då vi kom inn i grunnbrot utanfor Smøla-falla. Men vi rei oss gjennom dei, innover Ramsøyfjorden med rev i segla, forbi Tyrhaug og inn i smult vatn. Lettbåten, davitane, rekkeliningen og fire rekkestøtter var borte, men kva gjorde vel det når ein berga livet!

Men ein av dei første dagane i februar 1927 gjekk det gale. Eg hadde no selt eine halvparten til Gustav G. Remøy som førte skuta. Dei dreiv etter sild på Svinøyhavet, og eit grafse ver var det. Ut på natta bles det opp til storm frå sørvest, og dei blei der ute. Det var ti mann om bord, men ingen kom heim og fortalde korleis det gjekk til.

Å ja, sukkar den gamle, ein kan ikkje fabulere om korleis det gjekk føre seg. Det nyttar så lite. Men dei hadde ikkje så mykje å hjelp seg med den gongen: Ikkje elektrisk lys, ikkje mykje maskinelt utstyr eller instrument. Ein hadde berre ein krokut neve …!

FISKARKJØPAR I VARDØ

Eg måtte slutte å drive sjøen eg, ser du. Magesår! Sjødrift er eit hardt liv, og ein skipper har mykje å tenkje på. Legane forbaud meg å drive sjøen, men eg vart ikkje arbeidslaus.

Nekolai Dahl gav meg tilbod om å reise til Lofoten og Finnmark vinteren 1926 og selje frosen agnsild. Resultatet var at eg kom til å bu i Vardø frå 1928 til første krigsåret. Men eg arbeidde for Dahl berre frå 1926 til 1936. Han var ein god arbeidsgjevar.

Etter at eg slutta hos han dreiv eg handel på eiga hand. Eg har alltid likt å administrere. Men no til dags blir det vel mykje kontorfolk. Er det nødvendig med alt dette papiret? Eg hugsar ein dag i Vardø at eg kjøpte torsk for 45000 kr og pengane hadde eg i ei margarinkasse mellom føtene.

Men båt måtte eg ha. Eg kom over ei svenskeskøyte som eg fekk sett ny motor i, og ho var akkurat sjøklar då krigen kom. Der nord stoppa alt opp, og ein kunne ikkje drive lenger. Men eg lasta inn 30 tonn saltfisk og reiste til Ålesund med familien ombord.

Ei tid etter tok tyskarane skuta, og dei hadde henne i tre år. Då fann eg henne att som vrak i Kristiansund. Av tyskarane fekk eg 7.000 kr i skadebot, seinare fekk eg 6000 kr av «Englandskarane», men det kosta 70.000 kr å få skuta i stand i 1947.

EIN STRIDSMANN

På stoveveggen heng diplom frå Noregs Fiskarlag. «For fortjenstfullt virke som føregangsmann innan fiskaryrket», står det å lese.

Du har vore organisasjonsmann?
Å ja, det var mangt å få stell på, ser du. Det var mange som ville bite «haudet» av ein fiskar, men stod ein samla vart ein høyrt. Men etter kvart som ein fekk bygt opp organisasjonsapparatet, vart det nok av storkarar ned i Bergen. Og du må ikkje tru at dei likte andre meiningar enn sine eigne. Du måtte berre kryle på rompa! Men no har eg syla opp, farr! Nå må dei styre som styre vil for meg! Men blir det for mykje greinløyse så kan eg no synge ut enno.

Borte i vindauget står ein nevesliten prismekikkert i lag med dei velstelte plantane. Blomar kan vere fine dei, ja, berre dei ikkje tek bort utsikten vestover mot Svinøyhavet.

…. …. ….

Loggført her av Perry Sævik, sønn av Andreas, sønn av Paul A. Sævik.

Reklamer

3 svar til Det var mang ei svart natt

  1. Interesting Story 😉 ( I recognize some names here, Who Still are big on/in Fishing, and owners of big ship / trawlers today 😉

  2. Tilbaketråkk: Det var mang ei svart natt. | Perrys Plass

Velkommen til å kommentere.

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s