Full City

Full City i storm, . . . . 31.7.2009

Stormen støyar, ular, kvin
båra burar, grev og kavar
bølgjer slår mot strand og fjøre
steinar rullar utan kvil
fuglane ligg lågt bak knausar
fisken dormar, dyk mot djup

Skipet rullar, rir på reia
ventar på sin tur til kai
kjettingen er kort, han nappar
capt’n drøymer dorsk og dulgt

Skipper skal han ikkje kallast
som let skip’ på brottet bryte
stend no høgt på båtnfast fjell
lutar som ein slagen slitar

Kven skal vakte havsens krefter
kven skal sjå at båra bryt
kven skal vak’ i ville været
kven skal gjere rett med vit

Å, for visst, eg knyttar neven
hovudet med sorg det lutar
tunge børa bender aksla
lutar framåt, knea knugar
. . . . . . . . . . . . . . . PS, august 2009

Reklamer

Velkommen til å kommentere.

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s