Over vannene

“… svevde over vannene”
allerede mens mørket rådet
det ble lys
likevel kan det ikke være lyst alltid
som det ikke alltid kan være flatt hav
det bølger
noen ganger er du på bølgens topp
du vet at du kan havne i bølgens bunn
kjemp deg opp igjen
trenger du hjelp må du vise det
rekk opp hånden
så vil jeg gripe den
Reklamer
Publisert i Høytider, Livet, Livsvisdom | Merket med , , , | Legg igjen en kommentar

Grønruss-65

Eg tenkte eg kunne gje ein rapport som kunne ha kome for nokre år sidan (for å seie det mildt). Hildur (Lid Hole) la for eit par år sidan ut eit bilete frå 17. mai-toget i Fosnavåg i 1965. Biletet synte grønrussen frå realskolen. Sjølv gjekk eg fyrst i toget sidan eg var russeformann det året.

Eg trur det var to klasser på kvart av dei to årstrinna, og vi var 4-6 elevar som var valde til russestyre og skulle førebu den komande feiringa.Vi skulle velge formann, og eg hugsar at eg i samtalen foreslo Asbjørn Myklebust. Han kunne ikkje sa han, for han spelte i gutemusikken, så det skjønte vi. Kva innhald drøftingane ellers hadde hugsar eg ikkje, anna enn at eg vart formann. Ingen kasserar valgt, ingen sekretær. Det burde det ha vore.

Russefeiringa var kort, det var stort sett berre 17. mai. Realskolen skulle gjerast på to år, og eksamen var etter 17. mai. Ikkje tid til unødig feiring, det var berre lesing – og eksamenar.

Russeformannen (eg) var ikkje god til å delegere. Førebuinga til 17. mai var mellom anna at vi måtte ha grønt pulver for å lage grønmaling (bøtte + pulver + vatn). Vi skulle fylgje tradisjonen og skrive på vindauga i butikkane i Vågen. Den tradisjonen var godt innarbeida og folk likte å gå opp og ned hovudgata i Vågen og sjå kva som var skrevet. Det høyrde og med at vi måtte gjere avtale med vaktmeisteren på skolen om at vi kunne få låne eit rom i kjellaren slik at vi hadde ein stad å blande ut malinga. Der i kjellaren kunne vi og roe oss ned utpå natta.

Eg hugsar eit par av tekstane, det er fordi eg var forfattaren. Det eine vindauget tilhøyrde gullsmeden, ein fyldig kar. I kombinasjon med Wenche Myhres “La meg være ung”, vart teksten den lett sjikanøse: La meg være tung.

30 meter lenger opp i gata låg sports- og barnevognbutikken. Tektsten vart populær, skjønte eg: La det gå sport i det, kjøp en barnevogn eller to.

I toget skulle vi gå med faner med bilete av lærarane, kvar lærar si fane (ei trestang med bilete i toppen). Dette hadde dei byrja med året før, då var det nemlig ein fotointeressert elev (Knutsen?) som hadde fått portrettfotografi av alle lærarane hjå fotograf Furmyr. Eg trur forresten han var så fotokyndig at han hadde fotografert og framkalla alle bileta sjølv. Problemet vårt våren -65 var at ein lærar hadde slutta og ein ny hadde kome til siden siste år. Eg visste at fotograf Furmyr hadde foto av den nye læraren, og eg fekk Ingrid Furmyr, fotografdottera, til å tinge eit bilete av far sin.

Etter å ha vore ute heile natta, skulle vi ha frokost. Som året før skulle frokosten være på kafeen Vestvang. Prisen var 7 kr pr hovud. Desse pengane måtte inn på førehand, og eg kravde 10 kroner av kvar russ til å dekke frokost- og enkelte andre kostnader. Inger Furmyr slapp å betale. I staden for å betale fotograf Furmyr for portrettet han hadde laga, meinte eg det var rett nok at dottera hans slapp å betale sin tiar, det vart ein slags balanse i det.  

Vi skulle ha to lastebilar for transport av russen hit og dit. Den eine skulle køyrast av Ingebrigtsen. Han var 18 år og einaste grønrussen med lastebilsertifikat. Han kunne difor køyre lastebil, eg trur bilen var lånt av faren til ei russejente på Leinøysida av Straumen. Den andre bilen fikk vi låne av Voldnes og skulle kjøyrast av ein kar som jobba der, eg trur Ingebrigtsen hadde fått tak i den karen. Den karen fekk aldri noko takk av formannen, det skulle han hatt.

Eit uhell hadde vi også. Fleire fall av den eine lastebilen i ein sving ved kyrkja. Ovanfor nemde Inger F slo seg mest og vart køyrd til lege. Men det gjekk bra, og ingen lensmann dukka opp. Persontransporten med desse doningane var ikkje den beste. Den ekstra lemmen som var snekra var nok ikkje god nok.

Russeklærne vart bestemt i styret. Alle skulle ha grøn HR på ryggen. Og skolegenser kunne vi gå med alle dei andre dagane. Vi fikk tre genserar i forskjellig storleik for å prøve, og det vart laga liste med namn og storleik. Motivet på bringa som styret valde, var eit fyrtårn (ein av standardane til produsenten) og namnet Herøy Realskole trykt på bringa. Det leverte eg til butikken i Vågen.

Ryktet sa etter kvart at genserane var komne, og det synte seg at dei var lagt ut for salg i butikken. Lista med namn og storleik vart ikkje tatt omsyn til. Det førte til at russen prøvde om genseren passa, og gjorde han ikkje det, valde dei ein som det gjorde. Dei av russen som kom etter nokre dagar, måtte ta til takke med det som var att. Eg veit at det var personar som fann alt for liten genser då dei kom for å hente sin, og eg trur det var russ som difor ikkje fekk nokon.  

Vinteren 1964-65 kom ein revisjon av nynorskrettskrivinga. I tillegg til å skrive skule, som tidligare, vart det no tillatt å skrive skole. Det hadde ikkje butikkeigaren fått med seg, så han hadde tillatt seg å korrigere teksten  på genseren slik at det stod Herøy Realskule. Dette var ikkje noko stor sak, men eg fekk ein kommentar frå rektor. Eg parerte at teksten som var bestilt var skole, men at det vart trykt skule.

17. maitoget pleide å gå til skoleplassen på folke-, framhalds- og realskolen der det var underhaldning av forskjellig slag – og talar. Der skulle det og være russetale.

Då mai kom, vart det i tillegg til lekser også fundering og taleskriving for meg, 16 åringen. Det var vel ikkje mykje vidsyn og livserfaring som vart prenta på papiret. Eg hugsar ikkje, berre at då det var min tur i programmet den 17., hadde eg moralsk støtte av russen som stod bak meg på balkongen. Dei var tagale medan eg nytta mikrofonen, og eg hugsar at eg halvvegs snudde meg til dei, veiva med eine armen så dei skjøna at det var no dei skulle gje alt dei hadde, og eit solid russeslagord runga ut over plassen.  

Russeinnslaget mitt/vårt varte i om lag 3 minutt. Det var vel ikkje vi som var det store på arrangementet, men vi var med og bar ein tradisjon vidare. 

Etter russefeiringa ga eg pengeskrinet til rektor. Det hadde eg fått av han om hausten. Det var meir pengar i skrinet då han fekk det enn då han ga det til meg. Men ikkje nokon rekneskap – enkelt.

Over femti år seinare er det ikkje godt å få notert ned så mykje meir. Men etter syttande mai venta eksamen – i fleire dagar og i alle fag.

Publisert i Historie, Kommentarer, Samfunn | Merket med | Legg igjen en kommentar

Humlens tale

Du husker at jeg for noen dager siden fortalte at jeg reddet en innestengt humle, og at jeg til og med laget et humlehus. Den summet på sitt vis og jeg hørte

Humlens tale: 
Jeg søkte veien ut
men følte at jeg bare krabbet rundt i en uendelig mengde tid 
kreftene var i ferd med å svinne
jeg hadde gitt opp alt håp

Plutselig flommet lyset
og jeg skjønte at det nå var noen andre her
jeg ble løftet – og
plassert i gjestmilde omgivelser

skjønte at jeg hadde fått en ny mulighet
at jeg selv kunne velge hvor jeg skulle gå
hvor jeg skulle fly

jeg mangler ingen ting
om jeg vil kan jeg fly til de grønne enger
søke blomstens nektar og dugg
der kan jeg hvile og hente ny kraft
og jeg får bo i hans hus
gjennom hele sommeren

Publisert i Dikt, Livet, Livsvisdom, Natur, Sitater, Sommer, Vår | Merket med , , , | Legg igjen en kommentar